Portrett
Tenner lys før kvart løp
I kvar nye by kor sønene stiller til start, må Tone Ingebrigtsen og ektemannen Gjert finne ei kyrkje og tenne eit lys. Laurdag spring sonen Jakob for eit sensasjonelt OL-gull i Tokyo.
Når Tone Eva Ingebrigtsen blir spurt kva som er den viktigaste verdien i livet hennar, er svaret eitt som vil overraske få. Men det blir framført med eit rørande truverd.
Ruth Einervoll Nilsen
Det er julafta på slutten av 70-talet. Tre yre jenter trippar rundt grytene til mor og beina til far, og klarar knapt vente til pinnekjøtet dufter på bordet og gåvepapiret kan rivast opp. Men mange og lange timar står fortsatt mellom søstrene og julekvelden.
Klokka tikkar mot gudstenestetid, og ein bilnøkkel blir sett i tenninga. Kledd i julestasen hoppar Tone Ingebrigtsen og dei to søstrene inn i baksetet. Far vrir om, og tar retning mot Moi sentrum sør i Rogaland. Han stoppar bilen utanfor Lund kirke. Trekløveret hoppar ut, og lukkar døra etter seg. Far køyrer igjen.
– Eg har faktisk aldri spurt foreldra mine om kvifor dei sendte oss åleine på julegudsteneste.
2 måneder
20 kr
20,-
KJØP