Nyheter

Mindre forskjellar og sterke fellesskap skaper tillit

Kommunevalet i september er eit retningsval for byen vår. Arbeiderpartiet har vedtatt eit program for ein ny kurs der kamp mot barnefattigdom, aukande sosiale forskjellar og privatisering står i sentrum, skriver Jan Ole Rød, listekandidat i Stavanger Arbeiderparti.

Finansminister Siv Jensen og statsminister Erna Solberg har kuttet i skatte- og avgiftsnivået i Norge jevnt og trutt de siste årene. Jan Ole Rød mener skattelettene som er gitt øker forskjellene blant folk.
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Jan Ole Rød, listekandidat i Stavanger Arbeiderparti.

Under eit seminar om samfunnssikkerhet på UiS torsdag 3. januar var tema politisk ekstremisme og terror. Både sentrale politileiarar og ekspertar på fagfeltet understreka, ifølge Aftenbladet, at det førebyggjande arbeidet var det viktigaste. Påtroppande politidirektør, Marie Benedicte Bjørnland, sa at kampen mot terrorismen ikkje kan vinnast med strenge straffer åleine. Anja Dalgaard Nielsen, professor ved UiS, streka under kor viktig det er at alle som veit noko om personar som kan bli potensielle terroristar, har tillit til styresmaktene. Vår eigen politimeister, Hans Vik, peika på at politiet må vera synleg og ha god kontakt med publikum. Slik kan politiet byggja tillit og fanga opp personar i risikosonen, meinte politimeisteren.

Det er gledeleg at politileiarar og ekspertar på ekstremisme og terror uttalar seg med tyngde og klokskap i det offentlege rommet. Mens andre stemmer ropar på høgare straffer og meir politi, snakkar politidirektøren og politimeisteren om å byggja tillit mellom borgarane og mellom borgarane og politiet.

Tillit er viktig ikkje berre for å bekjempa terror. Tillit er sentralt for å byggja eit godt samfunn for alle.

Historisk har stor tillit mellom borgarar og styresmakter vore eit kjenneteikn ved det norske samfunnet.

Me har trudd godt om kvarandre og stolt på at samfunnsinstitusjonane fungerer slik dei skal. Historisk har denne høge tilliten vore eit kolossalt fortrinn for landet vårt. Konflikt-nivået har vore relativt lågt. Det har blitt inngått gode kompromiss mellom ulike interesser i politikken og i arbeidslivet. Kriminaliteten har vore – og er – låg, samanlikna med andre land. Nordmenn flest har betalt skatten sin i tillit til at skattepengane blir forvalta på beste måte av styresmaktene. Små forskjellar mellom folk og utjamning av sosiale skilje har vore uttalte politiske mål. Den nordiske modellen, dette å løysa fellesoppgåvene saman, har skapt tillit og blitt eit eksempel som andre land ønskjer å læra av.

Me ser nå fleire teikn på at denne tilliten er svekka. Dette skjer samtidig med at forskjellane mellom folk aukar og stadig fleire offentlege oppgåver blir privatiserte.

Dei siste ti-åra har me vore vitne til ei utvikling der dei rikaste har blitt endå rikare. I ein rapport frå SSB (Statistisk sentralbyrå) i september 2018 blir det slått fast at «Ulikheten har økt de siste årene; først og fremst fordi familiene med de største inntektene har økt sin andel av totalformuen». Rapporten slår fast at dei rikaste sin andel av totalformua har auka betydeleg i perioden 2012–2016.

I den andre enden blir det fleire fattige. SSB slår i ein rapport av 18. februar 2019 fast at 106.000 barn (10,7 prosent av alle under 18 år) bur i familiar med vedvarande låg inntekt. Frå 2011 til i dag har det blitt 30.000 nye fattige barn i verdas rikaste land. I Stavanger er det nå 3000 barn som lever i familiar med låg inntekt over tid.

Utviklinga av aukande forskjellar mellom folk og veksande barnefattigdom, er resultatet av politikken som blir ført på nasjonalt og lokalt nivå. Eksempelvis: Når arveavgifta blir tatt bort samtidig som det blir gitt skattelette på 25 milliardar kroner til dei som har mest frå før, ja, så blir resultatet at forskjellane mellom folk aukar. I Stavanger foreslo venstresida i sitt budsjett for 2019 å prioritera 10 millionar kroner for å bidra til at auka barnetrygd ikkje førte til redusert sosialhjelp for dei fattigaste familiane. Dette forslaget stemte posisjonspartia i byen mot. Høgre og Frp nasjonalt og lokalt hevdar at dei ønskjer eit samfunn med små sosiale skilnader. Då er det viktig at velgjarane ser kva dei gjer, og ikkje kva dei seier.

Høgrepoltikken dei siste åra har gjort at me har fått ei to-deling både av skule- og helsevesenet. Stadig fleire går i private barnehagar og skular. Det er ikkje lenger sjølvsagt at «ungane i gadå» møtes på den kommunale skulen i bydelen. Verdien av at barn og unge møtes i et læringsfellesskap på tvers av sosiale skilje, økonomi, etnisitet og religion, blir svekka gjennom privatisering av skuleverket.

I helsevesenet overtar private klinikkar ansvaret for fleire oppgåver. I eldreomsorga blir institusjonar sett ut på anbud og overlatt til private aktørar. Dette er ei styrt utvikling som Solberg-regjeringa og høgresida i lokalpolitikken ønskjer og står saman om. Samtidig som dei privatiserer, seier posisjonspolitikarane at dei er for eit offentleg helsevesen og ein offentleg skule.

Auka forskjellar og privatisering av fellesoppgåver skaper avstand mellom folk. Avstand skaper mindre forståing, svakare samhald og i verste fall mistillit. På denne måten undergrev høgre-sida sin politikk den tilliten som har vore eit stort fortrinn for samfunnet vårt. Tillit er, som politimeister Vik peika på, avhengig av at me er synlege for kvarandre og har god kontakt.

For å byggja tillit krevst ein politikk for å redusera dei sosiale skilnadene og stansa privatiseringa av eldreomsorg, helse og skule. Det handlar om at alle barn møtes i gode offentlege barnehagar og skular uavhengig av sosial bakgrunn. Det handlar om å styrka den kommunale eldreomsorga med nok tilsette, nok institusjonsplassar og god kompetanse slik at eldre kjenner seg trygge på at dei vil få eit godt tilbod.
Denne alternative politikken er nedfelt i konkrete punkt i Stavanger Arbeiderparti sitt program for kommunestyreperioden 2019–2023.

Programmet stakar ut ein ny kurs for byen. Med kamp mot barnefattigdom og auka forskjellar og stopp i privatiseringa av offentlege oppgåver, ønskjer Arbeiderpartiet å byggja gode fellesskapsløysingar og styrka tilliten.

Me er best når me løyser oppgåvene saman, og i tillit til kvarandre

Powered by Labrador CMS