Innenriks
«Mari» har donert egga sine: – Men eg blir ikkje mor av den grunn
Ho proppa kroppen full av hormonar for å kunne hjelpe nokon som drøymer om eit barn. For 32-åringen er eggdonasjon ein del av ein samfunnsdugnad ho ønsker.
Tanken på å bidra til å oppfylle nokons store ønske om eit barn, var ein motivasjon for «Mari». Ho vil leve i eit samfunn kor folk bidrar med det dei kan.
Lise Åserud / NTB scanpix
Av Ruth Einervoll Nilsen, Vårt Land
Tysdag blir ein årelang strid om bioteknologi avgjort. Då får Norge truleg ein langt meir liberal bioteknologilov, som mellom anna opnar for eggdonasjon.
For «Mari» er den nye lova eit steg i retning verda ho ønsker me skal leve i. Allereie for ti år sidan gjekk det eit lys opp for ho: Å donere egg kunne bidra til rettferd.
2 måneder
20 kr
20,-
KJØP