Nyheter
Kronikk: Feil bustadpolitikk gir fleire fattige
Det tar lang tid å sjå konsekvensane av endringar i bustadpolitikken, skriv SVs Paal Kloster i denne kronikken.

Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
av Paal Kloster, bystyrerepresentant for Stavanger SV
Stavanger må arbeida for å få betre samansetting av bustadtilbodet i alle bydelane, og det er viktig å skaffa til veie fleire rimelege husvære. Berre på denne måten unngår me at bustadmarknaden skaper fleire fattige og stenger ute unge menneske og arbeidstakarar med vanleg løn.
SV vil legga om bustadpolitikken. Me vil stoppa utviklinga med stadig fleire fattige, og aktivt arbeida for å redusera fattigdom gjennom ein heilt annan bustadpolitikk enn den me har i dag. Dette vil ta tid, og krev at me tar i bruk igjen fleire bustadpolitiske verkemiddel som me nytta før. Dette er mellom anna Husbanken, bustadbyggelaga og konsesjonslov med forkjøpsrett av eigedom for kommunane.
Stavanger utvikling KF har overtatt kommunens portefølje av eigedomar, og det handlar også om kva desse eigedomane blir brukte til. Det er behov for endring av den statlege politikken, men det er fullt mogleg å komma eit godt stykke på veg med å nytta dei ressursane me allereie har på ein god måte. Men då må kommunen vera villig til å ta ein meir aktiv rolle i bustadbygginga og programmera bruken av areal som er i kommunal eige, slik at kommunen svarer på innbyggarane sine behov, ikkje berre utbyggarane sine.
I Norge hadde me ein god og sosial bustadpolitikk som blei bygd opp etter andre verdskrigen, men heilt sidan 1981 med Willoch-regjeringa har skiftande regjeringar gjennom det eine vedtaket etter det andre gjort at me har gått frå ein av dei mest regulerte og vel fungerande bustadmarknadene til ein av dei mest uregulerte marknadene i Europa, og kanskje ein av dei dårlegast fungerande marknadene.
Det er ein heilt opplagt samanheng mellom fattigdom og feil bustadpolitikk.
Fattigdommen i Norge er eit resultat av dårleg økonomisk politikk og manglande fordelingspolitikk over lang tid, inklusive bustadpolitikken. Det er no 98.000 barn som er definert som fattige i Norge, og me har vår del av desse i Stavanger, 1765 barn i familiar med vedvarande fattigdom (7,1 %).
I Stavanger gav den sosiale bustadbygginga folk flest sjansen til å skaffa seg bustad. Bustadbyggelaga bygde bustader i alle bydelane. Kommunen kunne i tillegg reservera inntil ti prosent av slike bustader til kommunale behov. Desse bustadene inngår i det som me med eit samleomgrep kallar kommunale bustader. Dei blir tildelt til innbyggarar som ikkje har økonomi til å skaffa seg bustad på eigenhand.
Dei siste 30 åra har det blitt fleire og fleire kommunale bustader i nokre område. I Emmaus levekårsone er meir enn kvar femte bustad ein kommunal bustad. I levekårsonene Stokka, Madlamark og Forusstranda sør er det ingen kommunale bustader. Dette har med bustadprisene å gjera. Kommunen kunne kjøpa tre bustader på Storhaug for prisen for to bustader i Eiganes og Våland.
Den siste levekårsundersøkinga fortel om utviklinga i den såkalla omvendte u-en, der utfordringane aukar og burde tatt ein u-sving. Det er ein klar samanheng mellom bustadtilbodet i den omvendte u-en og levekårsutfordringane. Kommunale bustader i kombinasjon med mange privateigde utleiebustader er ein dårleg miks. Desse utleiebustadene er ofte eigd av folk som ikkje bur i området, men som har kjøpt bustader fordi dette inntil nyleg har vore ein god økonomisk investering. Den sosiale lappeteppe-strukturen er i ferd med å bli øydelagt, og me kjem til å få aust/vest-segregering også i Stavanger.
Det er gjort nokre forsøk på å endra talet på kommunale bustader i Storhaug-området, som har flest slike i kommunen. Mellom anna blei om lag 40 bustader i Åkragata rivne og erstatta med nye bustader, kalla Rosenvang. Det er fatta vedtak i formannskapet om å redusera talet på kommunale bustader i levekårsoner med mange slike. At bustadene i Åkragata blei rivne var eit godt grep. I den store samanhengen blir dette likevel lite i forhold til det samla talet på kommunale bustader, det monar ikkje.
Utfordringane må bli handtert på ein meir heilskapleg og langsiktig måte. Det vil SV arbeida for å få til i åra framover. Målet er at det offentlege skal ha fleire og sterkare verktøy for å sikra dei bustadene folk treng. Desse skal ha god standard og ein pris som gjer at menneske med ulik bakgrunn kan etablera seg og bu godt i Stavanger.