Kultur
Ny roman av Jon Fosse
Til hausten kjem den første nye romanen av Jon Fosse etter at han fekk Nobelprisen i litteratur i 2023. Den skal heite «Vaim».

Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
Ifølge Jon Fosse sitt forlag, Samlaget, vil romanen «Vaim» kome ut i samband med at Den internasjonale Fosse-festivalen opnar.
Det vil vere den første boka i ein trilogi. Den neste heiter «Vaim Hotell» og kjem i 2026, den tredje «Vaim Vekeblad», med publisering 2027.
Fosse skal ha starta på Vaim-sogene allereie før han fekk Nobelprisen i litteratur, men har skrive ferdig bøkene etter tildelinga. Vaim er namnet på ein oppdikta stad, ei bygd med butikk, hotell og avis. Forteljingane følger ulike folk som bur der.
I første bok handlar det ifølge Samlaget om Jatgeir, som tek seg ein tur ut i båten sin, og kjem heim med ungdomskjærasten Eline.
Den førre romanserien av Jon Fosse, var sjuboksverket «Septologien», som her heime kom ut fordelt på tre band i 2019, 2020 og 2021. «Septologien» var ein av dei viktigaste grunnane til at den norske forfattaren fekk Nobelprisen.