Kultur

Molde er ein stad å vere

Da Eldbjørg Raknes frå Midsund i går opna den 52. jazzfestivalen i Molde framfor byens nye staselege kulturhus, gjekk festivalen inn i ein ny fase.

Tricia Bouttè (t.v.) og Jeanett Holsbøvåg hedret Lionel Batiste under åpningen av årets Moldejazz. FOTO: VIDAR RUUD, ANB
Publisert Sist oppdatert

MOLDE (Dagsavisen): At namnet på huset heiter Plassen, kjem av plasseringa i eit ubrukt bakgardsrom som heitte Gørvelplassen der den største attraksjonen var ein legendarisk pølsekiosk. Plassen har framleis sitt fulle namn, mens Plassen er eit storslått, vakkert og lett opera-inspirert kulturhus der Teatret Vårt, Moldejazz, den lokale jazzklubben, Kunstnersenteret og Bjørnsonfestivalen er samla ikkje berre under eitt tak, men med arrangement på taket også. Alt til ein pris av rundt 190 millionar kroner, som budsjettert. For jazzfestivalen tyder det også to nye konsertscener. Plassen vart opna laurdag, jazzfestivalen i går.

Symbolikk

Det var også ei opning fylt med tung symbolikk, då gateparaden på festivalens siste dag 23. juli i fjor vart til ein stor sørgjemarsj med festivalens mangeårige Grand Marshall, Lionel Batiste frå New Orleans, i spissen. Det skulle bli hans siste gjerning i byen, då meldinga kom 8. juli i år at han var død. Juryen for tildelinga av den tradisjonelle Molderosa hadde for lenge sidan avgjort at den sekstiande rosa var hans, og slik vart det, post mortem. Og Tricia Boutté Langlo som i mange år har vore den faste vokalisten til Ytre Suløen Jass-ensemble, tok imot rosa på vegner av familien.

Det hende på ein festival som i kraft av å vere den eldste også er den mest tradisjonsrike. Ein ny tradisjon skapt av festivalen er institusjonen Artist In Residence, der den residerande musikaren av året Jon Balke i går hadde opningskonsert med det tverrkulturelle prosjektet Siwan Jadid i Bjørnsonhuset. Då hadde festivalen alt tjuvstarta med teaterframsyninga Mertz, som Jon Balke skriv musikken til, og det var starten på ein konsertserie med Balke i ulik konstellasjonar som blir avslutta på taket av Plassen med Balkes trommebaserte Batagraf grytidleg laurdag morgon.

Label in residence

Han gir også ut plater på ECM, og nytt av året er å gjere det tyske selskapet Manfred Eicher, som starta for 43 sidan, til Label in Residence med ni konsertar med aktuelle utøvarar i katalogen. Mellom dei Balke, Tord Gustavsen og Susanna Wallumrød som laurdag har konsert i band med den sveitsiske harpisten Giovanna Pessi. På opningskonserten i går vart Manfred Eicher heidra med norske TONOs formidlarpris for 2012.

På det rikhaldige programmet står John Scofield, Marius Neset, Håkon Kornstad, Nils Petter Molvær, Wayne Shorter, Dave Douglas og Andy Sheppard attåt kanoner som Norah Jones, Neneh Cherry & The Thing, storkonserten med Antony Johnstons med Trondheimssolistene og mange andre. Ei personleg favoritt er dei svarte kvinnene i gospelguppa Sweet Honey In the Rock, som var i Molde i 1991.

Appellen

Festivalopnar var Eldbjørg Raknes frå Midsund utanfor Molde, eit ektefødd barn av jazzfestivalen som starta karrieren som friviljug festivalfunksjonær og gjekk gradene via musikkutdanninga til å bli den allsidige artisten og kunstnaren ho er i dag. I kraftfulle ordelag oppmoda ho politikarar til å tenkje stort og ikkje smått om den viktige kulturen, og gje alle den same sjansen som ho og mange andre har fått. Så starta festivalen med dei to første utselde konsertane, ein med Moldeveteranen, musikklæraren og pianisten Erling Aksdal, den andre med den unge moldensaren og trompetisten Halden Powell.

Powered by Labrador CMS