Bøker
Jon Fosse forsvarer Nobelpris til Handke
Det må vere lov å påpeike at ingen av sidene i Kosovokrigen var snille, meiner Jon Fosse. Han blei glad då omstridde Peter Handke fekk Nobelprisen i litteratur.
Jon Fosse lanserer sin «langsame prosa», 1500-sidersverket «Septologien», samtidig i Tyskland, Storbritannia, Ungarn, Nederland, Danmark og Spania. På bokmessa i Frankfurt var interessa stor. Til Dagsavisen fortel diktaren om ein av sine favorittforfattarar, austerrikaren Peter Handke. (FOTO: GERD ELIN STAVA SANDVE)
– Veldig mange av dei som uttaler seg veldig bastant kan ikkje ha lese Peter Handke. Dei kjenner ikkje forfattarskapen i det heile. Dei bare reagerer på dei lausrivne sitata dei ser, seier Jon Fosse til Dagsavisen.
Diktaren som sjølv blir nemnd som Norges største kandidat til Nobelprisen i litteratur er i Frankfurt for å lansere det nye verket sitt, «Septologien», på tysk og fem andre språk.
Ombestemmer seg
2 måneder
20 kr
20,-
KJØP