Nye takter
Jøkleba er jøklebra
Med Jøkleba gjekk Moldefestivalen inn i ei ny fase, og dei var ikkje åleine om det.

Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
MOLDE (Dagsavisen): Scena var den nye for Teatret Vårt i den kulturelle storstova Plassen. Jøkleba sprengde dei musikalske grensene der teaterframsyninga Merz!! hadde sprengt alle andre grenser tidlegare i veka, også med musikk av Jon Balke.
Absurd teater er ei for veik nemning om eit stykke med tekst frå Kurt Schwitters. Før krigen budde han på Hjertøya ute i fjorden, etter å rømt frå Tyskland. Balke var sjølv på scena dei første gongen, sidan avløyst av Morten Qvenild og den kvelden eg var der av Christian Wallumrød. Kledd som ei bie trakterte han eit svært så preparert piano frå start til mål, midt eit teatralsk lurveleven utan sidestykke.
Nyt
Med Jøkleba var Jon Balke seint onsdag kveld halvvegs i jobben som artist in residence, til den førestellinga forventningane heilt sikkert var størst til.
Etter mange år i opplag vart Jøkleba først gjenoppliva i fjor til å opne Vossa Jazz på ti dagars varsel. Jøkleba vart i staden for ein Dave Holland med forfall, og dei heldt tidenes opningskonsert på festivalen etter å ha prøvespelt på lydprøva. «Jøkleba» kom ut på ny, med det nye «nu jak» som bonus, og på denne kvelden toppa trioen seg sjølv mangfaldig ikkje minst takk vere Per Jørgensens store scenedebut også som teiknar LIVE på scena, direkteoverført via skjerm til scenebakgrunn. Alt mens både han sjølv, Balke og Audun Kleive trakterte sine faste ekvipasjar med bravur. Multistemmebrukar Jørgensen også med lydforsterka tygging av gulrot, ein lyd som for dei allergiske skal vere rein tortur.
Han og aki
Utan tvil har Jøkleba flytta fleire merkepålar i sitt musikalske uttrykk, med Balkes aldri kvilande tangentar, Kleive som ei løve på all slags perkusjon og Jørgensens enorme stemme han også blæs inn i trompeten. Alt var på plass i ein musikalsk miks som ikkje menneske på nokon kant av kloden kan gjere dei etter. Jøkleba er jøklebra for alle.
Det var berre å ta heisen opp til den vesle teatersalen, der den japantyske pianisten Aki Takase og den nederlandske trommeslagar Han Bennink sette kvarandre stemne, som dei også har gjort på plate med «Two for Two». Takase har også hatt stemnemøte med klarinettist Rudi Mahall på albumet «Evergreen», og på ein knapp time viste også paret Han og Aki at ingen kan spele dei gamle songane så strykefritt som dei som går for å vere musikalske rabulistar.
Takase kan truleg spele Monk-katalogen både framlengs og baklengs, Bennink treng ikkje meir enn ei enkel tromme og slær elles på alt som kjem i hans veg, og dei opnar med Duke Ellingtons sviske «In A Mellow Tone» til Bennings heilt suverene vispekomp. Derifrå er det strake vegen, og vi er framleis berre halvvegs. I dag blir det jazz og opera i ein og same person, når saksofonisten og songaren Håkon Kornstad går på scena.