Nye takter
Fekk Chick Corea til sitt første band
- Eg spurde Chick Corea om han ville spele i bandet mitt, og han sa «sure», seier Håkon Mjåset Johansen som heldt tidenes prisvinnarkonsert torsdag.

Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
KONGSBERG (Dagsavisen): Mjåset Johansen (38) kvitterte for DnB-prisen han vann i fjor, med eit band som med den største sjølvfølgje inntok scena i Kongsberg Kino, ikkje for å spele nyskriven musikk, men til ein konsert som fortona seg som ein jamsession. Med låtar av både Corea og Coltrane, med den svenske saksofonisten Jonas Kullhammar og bassisten Ingebrigt Flaten attåt Corea i bandet, og alt opna med ein forrykande trommesolo med prisvinnaren åleine på scena, før dei andre toga inn ein for ein og spelte saman som dei aldri skulle ha gjort noko anna. Første låt ut var frå Coreas eige debutalbum «Now He Sings, Now He Sobs» som han gjorde med Roy Haynes og Miroslav Vitous. Coltranes «Sundance» og «Matrix» dukka opp på vegen, pluss Coreas «La Fiesta» frå Return to Forever som han tidlegare på kvelden spelte med Stanley Clarke. Her var duka for spontane innfall og utfall, forrykande duospel mellom Corea og bassist Flaten, musikalsk leik ut frå prisvinnarens idé om berre å møtast for å spele, med ein av dei beste jazzkonsertane på Kongsberg som resultat. Legg til at prisvinnarbandet til den meritterte trommeslagaren på 38 år, er hans debut som bandleiar.
Møtet i Molde
I Molde i 2000 stod Corea, Johansen og bassist Steinar Raknes fram som ein magisk trio i sentrum av Trondheim Jazzorkester då han var Artist In Residence. Året etter turnerte jazzorkesteret i Norge, og heldt seinare ein konsert under ein internasjonal jazzkonferanse i New York som vekte oppsikt i jazzlandet.
- Hadde du Corea på blokka med det same når du skulle setje saman prisvinnarbandet?
- I utgangspunktet Ingebrigt Håker Flaten og Jonas Kullhammar, men eg tenkte ikkje på å skrive ein heil konsert, men å spele improviserande musikk ut frå der eg er i dag. Problemet for musikarar er å få tid til å øve, men eg tenkte at heller enn å øve inn eit intrikat verk måtte målet vere å ha det gøy på scena. Kullhammar og Flaten er folk eg alltid har digga, og som var mitt førsteval.
Debuten
- Kva tenkjer du om at dette er ditt første band i eige namn?
- Det er klart det er stas. Eg har alltid vore så heldig å få spele med dei eg ville, men dette er jo å starte med eit draumeband. Musikken til Chick Corea har eg likt i alle fasar, frå eg var liten var det Return To Forever med bassisten Stanley Clarke som gjaldt. 14 år gamal digga eg «Spain», og ti år etter spelte Corea og eg saman i Molde. Han er alltid imøtekomande, og han vil alltid leike.
- Kor mange band har du vore med i?
- Rundt 30, og berre no er eg med i 15-16 konstellasjonar, seier Mjåset Johansen, som var ein del av ungjazz-miljøet som sprang ut av jazzlina i Trondheim, og som braut gjennom i trioen Urban Connection, som spelte og turnerte med Michael Brecker. I dag spelar Mjåset Johansen i Come Shine, IPA, Håvard Wiik Trio, Ensemble Denada, Håvard Stubø kvartett, Svein Olav Herstad Trio, Kjersti Stubø kvartett, for å nemne nokre.
- Når valde du å bli trommeslagar av yrke?
- Frå eg som liten slo laus på koppar og kar. Eg spelte i korps då eg var sju, og Buddy Rich var min første helt.
Beatet
- Kva kallar du stilen din som trommeslagar?
- Eg er trommeslagar i mange slags format, men har alltid lagt vekt på det å spele med eit beat som svingar. Som i banda til Miles Davis heilt frå femtitalet av, med Jimmy Cobb som enno lever frå Kind of Blue-albumet. Eg har alltid hatt sans for ein type energi som er framover-retta. Audun Kleive var min første norske favoritt. Under dei nordnorske festepela i Harstad i sommar spelte eg i eit worldmusikkband, seinare med storbandleiar Maria Schneider i eit Frank Zappa-opplegg, seier Mjåset Johansen. Men blir det snart platedebut også?
- Eg har aldri higa etter å gje ut plate i eige namn. Det eg vil, er å vere ein god musikant.
- Har du mange musikarar i tankane som du skulle ønskje å spele med?
- Eg har fleire idear, men held dei tett til brystet.
- Er framtida lys for norsk jazz?
- Absolutt.
I ein duo lett som ei fjør
Chick Corea og Stanley Clarkes strålande «Return to Forever»-konsert i Kongsberg Kyrkje innleia ein dobbel festkveld for Corea.
I kyrkja var det duka for ein gnistrande duokonsert med to musikalske livsvener som starta bandet Return to Forever i 1972. Bandet er historie, men Corea og Clarkes genistrek har vore å hente fram musikken frå byrjinga til akustisk festkonsert, nesten messe denne kvelden under Kongsberkyrkjas tak. Der bassisten mange vil forbinde med akrobatiske øvingar på elbass, framstår som det klassiske basspelets suverene meister, og som fordi han beherskar alt, ikkje treng å briljere i utide.
Somtimes ago
Legg til at det var duoens første konsert i sommar, der publikum frå opningsnummeret «Sometimes Ago» frå Return to Forevers første album av, opplevde ein musikalsk samforstand som dei tok til seg av hjartet. Etterpå følgde den kjende «La Fiesta av» same opphav, før «Light as a Feather» frå bandets album av same namn. Clarkes basspel med eller utan boge, like fjørlett, distinkt og elegant i alle tempo, framstår som den perfekte match for Chick Coera og omvendt. Etter «Romantic Warrior» dukkar også musikk annan stad frå opp, med Clarke solo på bass i «Cancion de Sofia» til ære for ektefellen. Vi får Bill Evans «Waltz for Debbie» som ein ekstra gest, før det går mot finale til ovasjonar, der opningstema frå Concerto de Aranjuez av Joaquin Rodrigo, kjend frå Miles Davis‘ «Sketches of Spain», glir over i Coreas «Spain» som er hans varemerke.
Musikken lever
Då bandet Return to Forever hadde reunion med plate i 2008, var Clarke den einast som hadde vore med Corea i alle utgåver av bandet. Då dei starta, var Return to Forever og Mahavishnu Orchestra dei mest toneangjevande i jazz, rock og fusionalderen, og bandet var springbrett for mange musikarar. Først var det latin-orientert, og debutalbumet «Return To Forever» kom på ECM. Corea leverte også klassikarar som «Crystal Silence». På «Light as a Feather» kom «Spain». I 1973 var jazzrocken på veg inn, med gitarist Bill Connors og Lenny White på trommer, og det siste syttitalsalbumet kom i 1977. I 1983 kom Al Di Meola inn som gitarist, før bandet gjekk i dvale og korvarig vart vekt til live i 2008. Men musikken lever, og velkomsthelsinga var både sterk og varm frå publikum i alle aldrarar, i Kongsberg Kyrkje denne julikvelden.
Eit lysande bestillingsverk
På ei scene med glitrande bakteppe av lys tok Christian Wallumrød oss med inn i eit strålande bestillingsverk.
KONSERT
Bestillingsverk med Trondheim Jazzorkester og Christan Wallumrød
Kongsberg Kino
Åleine ved flygelet, med resten av musikarane parat i mørkret, opnar Wallumrød på piano med eit enkelt tema med nokre underfundige akkordar. Nesten ein musikalsk vignett for å førebu fosfor det som skal kome. Så vert det stille før han repeterer tema på ny, mens musikarar vi først berre anar konturane av, stegvis gir lyd frå seg. Temaet skifter karakter og han får tonefølgje først på tangentar av Anja Lauvdal, ein av dei unge nye musikarane Wallumrød ikkje har spelt med før. Og vi er i gang med eit verk komponisten har fortalt sprang ut av ein idé han utvikla saman med bror og trommeslagar Fredrik, som fordrar eit band av musikarar og instrument som kunne gå frå eit akustisk til eit elektrisk og forsterka uttrykk. Stadig mens vi er i den akustiske fasen, der musikarane stegvis vert dregne inn eit musikalsk drama. Siv Øyunn Kjenstad set trommene på vent med sin gran kassa, ein rislande gitar er å høyre attåt Ivar Grydelands steel, blåsarane melder seg på, og heile uttrykket skifter karakter når også hovudpersonen forflytter seg frå flygelkrakken til eit elektrisk tangentinstrument. Og nye fanfarar, mykje elektronika og sterke impulsar tek oss med inn i et annleis og groovebasert område, med sterke utbrot av og eit musikalsk uttrykk med heilt andre dimensjonar.
Generasjonsband
I bandet som er ei utgåve av Trondheim Jazzorkester, er halvparten musikarar Wallumrød spelar med frå før. Mellom dei Grydeland frå same by som er gitarist og elektronikar, Espen Reinertsen (saksofon), Eivind Lønning (trompet) og Fredrik Wallumrød (trommer). Dei nye er Anja Lauvdal, pianist og leiar for bandet Skadedyr, Lars Ove Fosheim (gitar), Heida K.J. Kobeck (tuba), Siv Øyunn Kjenstad som finn sin plass bak trommene, Michal Duch på bass, musikarar som har tilført jazzen nye måtar å tenke på, og alle med ekstrautstyr frå den musikalske verktykassa å rutte med. I sentrum Christian Wallumrød, sjølv ein minimalist som få når det gjeld, som ut av ein enkel impuls saman med bandet har skapt eit verk som er jazzjubilanten Kongsberg verdig, med ei gjentaking av opningstemaet til slutt i eit heilt anna format.
Superjam
Ikkje akkurat industrijazz, har eg notert på blokka på festivalens første kveld, ein festival feira i ein by full av samtidige jubileum for mange slags verksemder, eit storslått verk framført i byens tradisjonsrike kinosal. Etterpå går eg ut i den enno lyse Kongsbergkvelden, der ihuga jazzungdom i Naustet eit steinkast unna er i gang med ein femti timars samanhengande maraton-jamsession i høve jubileet. Og det er berre å hive seg frampå, på ein femtiande jazzfestival som alt har slått alle rekordar, og som er den beste av alle.