Nye takter

Ein lukkeleg jazzmusikar frå Frei

– Å vere jazzmusikar i Norge er eit privilegium, seier Trygve Waldemar Fiske, bassist frå Frei med sitt første band i Molde.

Trygve Waldemar Fiske og bandet Waldemar Fire er klare til konsert i Molde i dag. FOTO: INGRID HALVORSEN
Publisert Sist oppdatert

Fødd i 1987 er bassisten som med Waldemar Fire leier sitt første band allereie ein merittert musikar, som knapt har tal på kor mange han har spelt med. Viktigaste band er det kritikarroste Hanna Paulsberg Prospect som har gitt ut to plater. I fjor fekk han den årlege Shellprisen i Molde, og i dag mønstrar han på med pianist Håvard Wiik, også frå Frei, saksofonisten André Roligheten som han har spelt og studert med, med Erik Nylander, etterspurd svensk trommeslagar som har gjort nordmann av seg.

– Det er litt av eit band, kva sa dei då du spurde om dei ville vere med?

– Eg har brukt lang tid både når det gjeld musikarar og storleiken på bandet. Det heiter at prisvinnaren skal kvittere med solokonsert, men eg ville ha ein kvartett. Når det var bestemt, spurde eg Wiik, Roligheten og Nylander, og det var ja på flekken.

Musikarane

– Kvifor valde du dei?

– André Roligheten studerte eg med. Nylander høyrde eg då han spele med bassisten Ole Morten Vågan, og han var rett mann for meg. Håvard Wiik bur i Berlin, og sjølv om han er ein Freiværing er han ikkje ein fyr du berre spør. Men etter å ha høyrt han i kvartett med Håkon Kornstad, Mats Eilertsen og Per Oddvar Johansen på ein konsert på Herr Nilsen i Oslo, der dei spelte gamle standardlåtar, var eg ikkje i tvil.

Også intervjuaren var på konserten, utropt han til ein av dei det største det året.

– Kor lenge har heile bandet øvd saman?
– Sidan torsdag, seier Fiske som ein gong spelte med Wiik på ein jubileumskonsert for Frei Ungdomsskule, og pianisten spelte Jarrett-låten «Rainbow».

– Nylander bur på Skarnes, så der øvde vi som trio. Den første plata eg høyrde med Wiik, var «Postures» mad Mats Eilertsen og Per Oddvar Johansen, og eg har hatt lyst til å spele med han sidan.

– Også Sondre Meisfjord, bassisten i Come Shine, kjem frå Frei. Takk vere ein ihuga musikklærar hadde vi eigne band i ungdomsskulen.

Musikken

– Har du skrive musikken til konserten sjølv?

– Håvard Wiik har skrive ein låt, Andre Roligheten ein annan, resten har eg gjort sjølv. det er ei stor utfordring for ein som aldri har vore bandleiar eller har skrive musikk til eit band. Litt ironisk, ettersom det eigentleg skulle vere ein solokonsert. Men i staden for å skrive for meg sjølv, blir det musikk farga av musikarane som er med.

– Som mange i din generasjon er allereie ein merittert musikar?

– Eg har ikkje tal på kor mange band eg har spelt med, men det er nærare 50 enn 100. Utanom bandet til Hanna Paulsberg spelar eg også i kvartetten til Heidi Skjerve, som har gitt ut albumet «Vegen åt deg». Elles kan eg nemne bandet til Kristoffer Kompen, i Kasper Værnes kvartett, og den unge gitaristen Odd Steinar Albrigtsen.

Bandet til Heidi Skjerve spelte på Kongsberg-festivalen i sommar.

– Når skal du på turne med bandet?

– I november, då vi spelar sju konsertar på sju dagar.

– Kvifor vart du bassist?

– Det var mens eg høyrde Beatles eg fann ein gamal Hagström bass i kjellaren. Generelt kan du seie at Beatles gjorde meg interessert i musikk, og det gjeld for mange, uansett sjanger.

Favorittar

– Som bassist har du vel mange favorittar?

– Den første absolutte favoritten er den nyleg avdøde Charlie Haden, sjølv om eg ikkje spelte som han. Ein annan bauta er Charles Mingus, og eg har høyrt mykje på norske bassistar. Amerikanske Paul Chambers var ein eg planka tidleg, Jimmy Garrison ein annan. Scott LaFaro er død, men Gary Peacock lever, og eg tok timar hos han i haust. Arild Andersen var også eit førebilete, og elles er både Keith Jarrett og Jan Garbarek musikarar eg set høgt.

Trygve Waldemar Fiske drar mange namn opp av hatten, med eller utan bass.

– Å vere norsk jazzmusikar er verkeleg artig, og eg gler meg kvar dag, seier han, ein jazzmusikar frå Frei som også tenkjer på å gje ut si første plate.

– Vi har alt snakka om det, og det blir i byrjinga av 2015.

Powered by Labrador CMS