Leder

Nynorskbyen Stavanger

LEIAR: I by- og landkommunen Nye Stavanger vil nynorskforakt vera det same som sjølvforakt, og det kan me vel ikkje ha noko av? skriv Bjørn G. Sæbø.

Forfattaren Tore Renberg nytta Kapittel-opninga til å snakka opp nynorsken i Stavanger. Foto: Arne Birkemo
Publisert Sist oppdatert
Dette er en leder. En leder er en kommentar som gir uttrykk for avisens meninger og holdninger.

Forfattaren Tore Renberg nytta opninga av Kapittel-festivalen til å snakka opp nynorsken i Stavanger, og gjer med det ein ny freistnad på å knyta saman tale- og skriftspråket i byen. Renberg-talen kan visa seg å vera endå meir treffsikker enn kva vanleg er frå det haldet.

Med kommuneutviding der nynorskkommunane Rennesøy og Finnøy går saman med bokmålskommunen, får Stavanger auka mangfaldet sitt. Ikkje berre næringsmessig ved at Stavanger vert stor innan oppdrett og tomatdyrking (!), men òg ved at nynorsken får meir merksemd i skule, byråkrati og det offentlege rom. I undervisinga har nokre skular tidlegare oppretta nynorskklassar og gjeve tidleg nynorskopplæring av elevar, men slike freistnader er ofte for avhengige av einskildpersonar. Det trengst ei meir medviten satsing.

Nynorsken måtte til for å få fart att på forfattarskapen i ein periode då Tore Renberg sleit med orda. Den store forteljaren Renberg – med eit persongalleri ofte henta milevis frå salongane – fann ut at eit munnleg nynorsk låg tettare opp til det han ville formidla i romanane.

LES OGSÅ: Renberg vil ha mer nynorsk i Stavanger: – Det er på tide med en debatt

Kommunesamanslåinga, aha-opplevinga til Renberg og det at det egenesiske og dansk-inspirerte je-målet ligg på sotteseng, at ungdomen nyttar dialekt på Snapchat og stavangersk er daglegdags å høyra på film, i TV-seriar og i rikspolitikken, kan gjera sitt til å riva ned nynorskfordommane. Det er òg eit poeng som har vore understreka i det uendelege, men ingen andre norske storbyar har så kort avstand frå talemål til nynorsk. Den «lyseblå, borgarlege» Stavanger-stilen som Renberg sikta til i talen sin, bør vera open nok til å omfamna nynorsken.

Mangfaldige Nye Stavanger må spegla heile storkommunen og kulturen her, slik at nynorsken får betre plass i skulen, i offentleg informasjon og politiske dokument. I by- og landkommunen Nye Stavanger vil nynorskforakt vera det same som sjølvforakt, og det vil me vel ikkje ha noko av?

Powered by Labrador CMS