Debatt

Vi treng at Pride-debatten tek sjumilssteg

Med stadig fleire reaksjonære krefter som kjempar for tilbakegang i inkluderingsrørsla, blir òg debatten om skeives rettar ståande stille.

Fredrik Sørlie og Sandra Tenud er sentralstyremedlemmer i AUF.
– Vi gler oss til Pride i år òg, men med ein meir alvorleg tyngde enn tidlegare, skriv Fredrik Sørlie og Sandra Tenud.
Publisert Sist oppdatert
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Vi har alltid gleda oss til Pride. Gleda oss til alle hyllingane av den skeive rørsla og alle sigrane som er vunne, til all kjærleiken som vert vist og til paraden som rommar titusenvis av menneske.

Vi gler oss til Pride i år òg, men med ein meir alvorleg tyngde enn tidlegare.

«Om du veit kva kjærleik er, veit du med ein gong at ho ikkje er farleg», sa Kim Friele. Kim sine ord fortel oss kva Pride handlar om.

Likevel er det mange som framstiller vår kjærleik og identitet som farlegare enn andres. Det som er farleg er dei som hatar oss, dei som slår oss ned på gata når vi held hender og som hetser oss i sosiale medium.

Pride-debatten burde komt lengre enn at vi må forsvare den vi er.

I 2022 såg vi ei endring i den politiske debatten, med negativt forteikn. Kommentarfelta vart meir brutale enn dei pleier, sjikanerande ytringar flytta seg frå det mørke internettet til lesarinnlegg i seriøse aviser, og fleire prideflagg vart rive og brende. Igjen vitna vi at hatet på sitt verste kan drepe.

I 2023 har Redd Barna sin pridemarkering blitt avlyst på grunn av ekstreme mengder hat, transkvinner har blitt møtt med alvorlege skuldingar om at dei ikkje er «kvinne nok» i NRK-debatten, og mange slit framleis med redsel etter London-terroren.

Vi har gått alt for mange år av livet vårt utan å delta i Pride. For mange av oss som er skeive, var redde lenge før terroren 25. juni, og mange av oss var redde for å diskutere Pride politisk lenge før kommentarfelta blussa opp i fjor.

Med stadig fleire reaksjonære krefter som kjempar for tilbakegang i inkluderingsrørsla, blir òg debatten om skeives rettar ståande stille. I staden for å diskutere kva saker vi vil jobbe for under Pride, og korleis vi skal styrke skeives rettar, blir vi stadig tvinga til å forsvare Pride som konsept. Vi skulle ønske vi var komt lenger.

Det er heilt nødvendig at ein stadig minner folk på kvifor ein treng Pride. Og vi er glade for at alle menneske som har kjempa tøffe fridomskampar, blir hylla. Men vi skulle ønska at vi som samfunn hadde komme lenger. At vi ikkje treng å bruke masse ressursar på å svare ut konspirasjonsteoriar og hets, og i staden kunne markere alle dei kampane vi framleis kjemper.

Vi treng at Pride-debatten tek sjumilssteg.

Og vi som politikarar har eit særskilt ansvar for å ta oppgjer mot hat og konspirasjonsteoriar. Vi som er sosialdemokratar kjem til å heve stemma mot alle krefter som kjempar mot LHBT+-menneske si kamp for å vere seg sjølv, også på venstresida, og vi forventar at høgresida òg stiller opp mot sin eigen bakgård.

Vi håpar vi kan fortsette å diskutere med høgresida at vi ønskjer prideflagg i kommunane våre, og korleis konverteringsterapi kan bli totalforbode. Behovet for ein tredje juridisk kjønnskategori og ei betre helseteneste for transpersonar. Korleis vi kan følgje opp alle ofra etter 25. juni-terroren og skape tryggleik for skeive som lever i minoritetsmiljø.

Utan at det skal generere hat, konspirasjonsteoriar og truslar.

Pride er ein feiring av den vi er. Men det er òg ein kamp for at vi skal få vere den vi er.

Powered by Labrador CMS