Debatt

Vi må feie for eiga dør

KRONIKK: Ho fortel om slag, spytt, mobbing og utestenging over fleire år i barndomen.

Det er vel og bra å demonstrere mot rasisme i USA, men vi må feie for eiga dør, skriv Anne Kristin Bruns i KrF. Foto: Tone Helene Oskarsen
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Anne Kristin Bruns, kommunestyremedlem for KrF i Stavanger kommunestyre

Eg sit på Facebook og kikke. Hanne sin blogg kjem fram. Eg les overskrifta: «Inder, svarting eller pakkis». Kva i alle dagar, tenker eg? Hanne har eg kjend i fleire år, sett på henne som ein av oss. Ja, eg ser at ho har mørk hud, eg veit at ho er adoptert frå India og at ho har ein historie utanom det vanlege, men at ho vart hetsa og diskriminert av den grunn hadde faktisk ikkje streifa meg, naivt nok.

Blogginnlegget er sterk lesing. Ho fortel om slag, spytt, mobbing og utestenging over fleire år i barndomen. Så fortel ho om hendingar nyleg, der ho fekk kasta tomme brusboksar etter seg frå ein forbipasserande bil. Hennar reaksjon på desse hendingane og erfaringane er frykt. Frykt for å gå ut, høyre fleire kommentarar eller oppleve å bli trakassert på grunn av hudfargen sin. Klart ho går ut og er ein del av samfunnet, men det set ein støkk i henne. Kva blir det neste?
Det er vel og bra å demonstrere mot rasisme i USA, men vi må feie for eiga dør. KrF vil at Stavanger kommune skal gå i front og vere ei føregangskommune i det antirasistiske arbeidet. Dette samfunnsproblemet vil eg som politikar arbeidet for å løyse. På junimøtet i kommunestyret har KrF ein interpellasjon, der vi bed om at i den reviderte likestilling og mangfaldsplanen skal det vere eit kapittel om antirasistisk arbeid.

STOR BILDESERIE: Slik var demonstrasjonen i Stavanger

Debatten om rasisme viser oss at det ikkje er ein allmenngyldig forståing av omgrepet. Det er ulike definisjonar på rasisme. Det kan innehalde element som forskjellsbehandling, utestenging og trakassering. Det handlar om at menneske delast inn i ulike raser og vert tillagt ulike eigenskapar og ulik verdi basert på rasen dei tilhøyrar, og om at menneske blir behandla annleis på grunn av deira etnisitet og/eller hudfarge. Det kan kome til uttrykk både i ekstreme ideologiar og vald, men også kvardagslege haldningar og handlingar. Her står kvar enkelt av oss i fare for å gjere skilnad på andre. Her møter eg meg sjølv i døra, eg og må feie for eiga dør.

Granavollplattforma stadfestar at regjeringa vil kjempe mot rasisme, religiøs diskriminering, antisemittisme, sosial kontroll og fordommar basert på etnisitet. Dei har utforma sin handlingsplan mot rasisme og diskriminering for 2020-2023, og eit samla storting har stilt seg bak den. Handlingsplanen skal bidra til ein fornya og forsterka innsats i kampen mot rasisme og diskriminering, og det bli foreslått mange gode tiltak. I forlenging av denne planen er spørsmålet eg stiller meg: kva rolle skal kommunane spele i dette arbeidet? Antirasistisk arbeid må også skje lokalt. Det må meir til enn demonstrasjonar i Byparken for å vise til at vi som innbyggarar bryr oss.

LES OGSÅ: 40 helsearbeidere i karantene etter demonstrasjon i Stavanger

I ein rapport frå Norsk Folkehjelp (2016) blir vi som kommune utfordra på om vi har ein plan for korleis vi lokalt skal ta tak i dette. Rapporten som heiter «Antirasisme - utfordringen» viser til ei undersøking som slår fast at det blant 168 svarkommunar berre er Oslo som har ein eigen plan for antirasistisk arbeid. I Oslo føreligg det nemlig ein beredskapsplan mot rasisme og nazisme.

Å skape gode lokalsamfunn starter med viljen til kommunen og innbyggarane. Dei kommunane som har handlingsplanar for å skape inkluderande lokalsamfunn, fritt for rasisme, kan vere ein inspirasjon for andre kommunar.
Den siste helga har vi vore vitne til eit stort engasjement i Stavanger nettopp mot rasisme.

For mange av våre innbyggarar er opplevinga av rasisme ikkje noko ein les om, men noko ein opplever på kroppen. Stavanger er en internasjonal by. Andelen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre utgjer over 20 % av innbyggarane. Her trengst det både eit haldningsskapande og strukturelt arbeid.

LEDER: Demonstrasjon og smitte

Stavanger kommune er ei ny kommune og vi skal gå gjennom alle planar og ta stilling til korleis kommunen skal jobbe med planverket. Likestilling- og mangfaldsplanen som vart vedteke av Stavanger bystyre i 2013 skal også reviderast og jobbast med i løpet av denne perioden.

Kommuna har ulike planar som tek opp tema som mellom anna likestilling, mangfald, ekstremisme og diskriminering, men det mangle spesifikke kapittel om rasisme. For at dette viktige arbeidet ikkje skal forsvinne inni andre planar med bredt fokus, blir det viktig at der er konkrete tiltak og forslag slik at vi som lokalpolitikarar og administrasjon kan følgje dette opp. At vi kan jobbe på denne måten lokalpolitisk i vår kommune er også ein måte å demonstrere mot rasisme på.

Takk Hanne for at du dele og utfordre.

DEBATT: Me robe «Black lives matter» for deg og!

Powered by Labrador CMS