Debatt

Velkommen barnekoordinator

KrF ynskjer at foreldre skal ha moglegheit til å bruke mindre krefter på sikring av rettar og søknader, og heller kunne vera foreldre og omsorgspersonar for barna sine.

Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.
Publisert Sist oppdatert
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Familiar som har barn med funksjonsnedsettingar lever ein kvardag, i ein unntakstilstand og i ein konstant beredskap, som dei fleste av oss ikkje kan setja oss inn i.

Det går ut over søsken, moglegheiter i arbeidsliv og heile familielivet. Mange opplever at dei står aleine, i avmakt av eit uoversiktleg system. Foreldre slit seg ut med eit tenestetilbod som ikkje står i stil med behovet. Ein opplever å stadig kjempa for at deira barn kan få det tilbodet som vert rekna som sjølvsagt for alle andre barn.

I mars kunne ein lesa om familien Langehaug Levorsen på nrk.no, som fortel om skvisen ein står i med å ivareta og ha overskot til dei friske barna i familien, samstundes som ein har eit barn som trenger konstant tilsyn, og med tenestetilbod som stenger i feriar. Mange foreldre som har barn med funksjonshemming strever, i følgje «Handikappede barns foreldreforening» (HBF) med å stå i arbeid og klare å følgje opp arbeidsgjevaren sine krav, når heimesituasjonen krevjer at ein må ta mykje fri, på grunn av manglande hjelpetilbod.

Foreldre med heimebuande barn over 18 år, mister og retten til omsorgsdagar/sjukedagar når barna deira er sjuke og må vera heime, eller når må følgast til ulike oppfølgingstenester. Mange opplever at dei vert ståande åleine, med store omsorgsoppgåver, utan reell moglegheit for stabil arbeidsinntekt.

Førre haust kom riksrevisjonen med ei svært alvorleg rapport som viser at norske kommunar tilbyr for dårleg hjelp til familiar med barn med funksjonsnedsetting.

Den peikar på at foreldre må gjera mykje av arbeidet sjølv, for å få den hjelpa dei har krav på og som er naudsynt. Det er eit vanskeleg regelverk, dårleg koordinerte tenester og mykje og uoverstigeleg informasjon. Det er lite heilskap til å få rettleiing over lovverk, tilbod og rettar.

Revisjonen viser også at det er stor skilnad i kva behov familiane har, og kva tilbod som finst i kommunane. Denne revisjonen er eit varsku til alle kommunar om den plikta ein har for å betra hjelpa som vert gitt til desse familiane.

I løpet av 2022 trer retten til barnekoordinator inn i alle kommunar. Dette skal samla tenestetilbodet rundt familien, og vareta ansvaret kommunen har for oppfølging og tilrettelegging for familien i møte med helse- og velferdstenester. KrF ynskjer at foreldre skal ha moglegheit til å bruke mindre krefter på sikring av rettar og søknader, og heller kunne vera foreldre og omsorgspersonar for barna sine.

Me vil arbeida for at denne rolla i Stavanger blir ei teneste som er til verkeleg hjelp for familiane, som kan gje tryggleik og ein meir forutsigbar kvardag. KrF vil arbeida for eit tenestetilbod som er for barna og familiane, i deira lokalmiljø og etter deira behov og ynskje.

My ynskjer barnekoordinator velkommen til ein særskilt viktig jobb i kommunen vår.




Powered by Labrador CMS