Debatt
Står puppane i vegen for forsking?
Mykje av kvinnekampen står nettopp om kvinnehelse.

Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
Dette spørsmålet stiller Sanitetskvinnene og det kan jammen sjå slik ut. I mange år har kvinner med ulike smerter og helseutfordringar snakka om, debattert og ropt høgt om at vi må ha ei satsing på kvinnehelse. Det har vore fremma av ulike parti og ein kan jammen lure på kvifor det har teke så lang tid. Som kvinne er det vanskeleg å ta innover meg at det er mindre status å forske på kvinnehelse og at dei utfordringane eg og mine med systrer har ikkje er interessante nok.
Midt i alt dette er KrF glad for rapporten som kvinnehelseutvalet la fram 2. mars med tittelen «Den store forskjellen». Leiaren Christina Meyer sa at «halve befolkningens helse tas ikke på alvor». Eg kunne ikkje vore meir einig. Kvinnehelse må takast på alvor og rapporten viser diverre at kvinner si helse er dårlegare no enn for 20 år sidan.
Sanitetskvinnene stiller eit anna betydeleg spørsmål: «Trenger jeg baller for å bli forsket på?».
I dag feirer vi kvinnedagen, og KrF Kvinner i Rogaland meine at mykje av kvinnekampen står nettopp om kvinnehelse. Områder som trygg svangerskap-, fødsel- og barselsoppfølging skulle vere heilt sjølvsagt i alle deler av landet. Skal vi ha mot til å få fleire barn, er dette ein av dei grunnleggande behova vi som kvinner treng. Ikkje minst oppfølging av både mor og barn etter fødsel må vere på plass.
Dei siste åra har utfordringar med psykisk helse hjå barn og unge blitt framheva. Eteforstyrringar hjå jenter har auka drastisk, og her treng vi både ulik kompetanse og ressursar for å klare å nå desse jentene og familiane deira.
Sjølvsagt støtter vi kvinneutvalet sitt krav om kvinnehelsemilliard til arbeidet med kvinner si helse. Dei 75 forslaga må sjåast nøye på og ikkje leggast i ei skuff, men føre til handling. Det må bli ein reell økonomisk innsats, som blir sett inn på forsking, profesjonsutdanning og samhandling i forvaltninga.
Sjølv om der er svært mange viktige og gode forslag i rapporten vil vi framheve fire områder som vi har jobba for lenge i KrF Kvinner.
For det fyrste, krev vi i at det blir oppretta eit nasjonalt kunnskap-, kompetanse- og behandlingssenter for endometriose og adenomyose, særleg med tanke på dei alvorlegaste tilfella. Det er ufatteleg at 1 av 10 kvinner vert ramma av desse sjukdomane som gjev så alvorlege smerter, blødningar og i ytterste konsekvens kan føre til infertilitet. No må desse kvinnene sine rop om hjelp bli tekne på alvor. Personleg kjenner eg fleire som på grunn av slike smerter ikkje klare å vere i ein vanleg jobb. Dette er ikkje noko ein berre må leve med, det forringe livskvalitet og naturleg kvardagsliv.
For det andre, vil vi prioritere forsking på kvinnehjerte ved å opprette et nasjonalt forskingssenter for kjønnsskilnader i hjertekar helse. I dag døyr like mange kvinner av hjertesjukdom som alle kreftsjukdomane tilsaman. Kvinner utvikle kvinnevariantar av vanlege hjertesjukdomar som hjerteinfarkt, hjertesvikt og hjerteflimmer. Sidan standardbehandlinga i stor grad er utvikla via forsking på menn, må der forskast meir på kvinner, fordi kvinner og menn har ulik variant på nettopp desse sjukdomane. Visste du at ein av symptoma på hjerteinfarkt hjå kvinner kan vere tungpusta og trykk for brystet? Ikkje eg heller, men nyleg fekk ein kjenning av meg nettopp desse symptoma og forstod ikkje alvoret i situasjonen. Heldigvis gjekk det bra med henne, men det forsterke behovet for å forske på nettopp symptoma som igjen føre til at liv blir redda.
For det tredje, treng Noreg langt fleire vulvaklinikkar som behandle sterke smerter i underlivet. Sverige har 20 vulvaklinikkar, men Noreg har tre og ventetida er over tre år. Vi meiner at vi må ha vulvaklinikkar i alle helseregionar. Det er heilt ufatteleg at vi ikkje har kome lengre i vårt land.
Så for det fjerde, må vi opprette ein digital kvinnehelseportal for å samle og formidle den kunnskapen som allereie er tilgjengeleg om kvinnehelse. Akkurat dette peika rapporten på, og at kunnskapsbrua mellom forsking, utdanning og folkeopplysning mangle.
Sanitetskvinnene stiller eit anna betydeleg spørsmål: «Trenger jeg baller for å bli forsket på?». Det håper eg verkeleg ikkje.