Debatt
SFO må bli gratis for alle
Arbeidarpartiet sitt nye prosjekt må vere å utvide velferdsstaten så alle uansett utgangspunkt får vere med i fellesskapet vårt. Både barnehagen, skulen og SFO burde være gratis.
Gratis SFO og AKS gjer ikkje berre barna ein stad å være etter skoletid, men også ein stad der dei kan bygge vennskap og kome saman på tvers av ulike bakgrunnar, skriv Sandra Edith Kalland Tenud.
Gorm Kallestad
Timane i SFO er nokre av dei sterkaste minnene eg har frå barndommen. Mykje grunna all dramatikken. Der bytta vi klistremerker med kvarandre. Nokre dagar var målet å ha flest klistremerke, andre var det å ha dei beste klistremerka. På eit punkt hadde eg flest. Det var ei episk veke. Eg lærte meg å spele blokkfløyte, hekle og steike vaffel. Vi spelte fotball saman og bygde sandslott.
Mi deltaking i SFO var ikkje tilfeldig. Mor mi var aleinemor, sjukepleiarstudent og fekk stønad frå Nav for å kunne fullføre utdanninga si på lik linje med andre. Alt eg lærte og alle vennskapa eg danna fekk eg i gåve av fellesskapet vårt.
Støre-regjeringa si innføring av gratistimar i SFO for første-, andre- og no snart også tredjeklassingar er eit viktig steg i retning av eit fellesskap der alle får være med. Kunnskapsdepartementet har publisert tall som syner ny rekord i SFO-deltakinga med Arbeidarpartiet ved roret.
2 måneder
20 kr
20,-
KJØP