Debatt
Personellkrisa truar norsk beredskapsevne
Å slå ring om det norske helsevesenet er å slå ring om norsk velferd, sikkerheit og beredskap.

Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
Dei siste månadene har kampanjen «leger må leve» avslørt store arbeidsmengder for norske legar. I vår kom avsløringane om kor helsepersonell spring skoa av seg i norsk eldreomsorg.
Diagnosen er klar: Vi har for få folk som skal gjere ein for stor jobb. Resultatet er at få ønsker å jobbe i helsevesenet, og at helsetenestene vert dårligare.
Følgene er alvorlige. I tillegg til å levere vanlige helsetenester har helsevesenet ansvaret for sikkerheit og beredskap i helsekriser. Koronapandemien tydeliggjorde viktigheita av dette. Land med eit allment tilgjengelig helsevesen kom betre ut av koronapandemien ettersom folkehelsa var betre, og fleire hadde tilgjengelig helsehjelp.
Norge var mellom desse landa. Kombinasjonen av stenging, og innsatsen frå eit solid helsevesen førte til at pandemien gjorde relativt liten skade på liv, helse, økonomi og samfunnsliv.

Det var ikkje sjølvsagt. Hadde Norge treft dårligare med tiltaka, eller hadde viruset vore meir alvorleg, kunne helsevesenet kollapsa. Då hadde vi hatt ei katastrofe. Det skjedde ikkje denne gongen, men det er ein realistisk risiko for at det kan skje.
Ei av dei viktigaste flaskehalsane under pandemien var tilgangen på kvalifisert helsepersonell. Utanlandsk helsepersonell dekker ein betydelig del av det norske behovet. Då pandemien trefte, mista vi ein stor del av denne arbeidskrafta. Norsk helsepersonell kompenserte med auka arbeidsinnsats. Dei tok ansvar for oss alle i ein kritisk situasjon. Mange betalte med eiga fysisk og psykisk helse.
Koronakommisjonen, forsvarskommisjonen av 2021 og totalberedskapskommisjonen har dei siste åra vist at norsk beredskap er for dårlig på ei rekkje område. Helsevesenet kjem godt frå desse vurderingane, men signala frå dei tilsette er eit varsku: Høgt motivert og kompetent helsepersonell må få rammer til å gjere jobben sin. Om ikkje får vi dårligare helsetilbod, og redusert beredskapsevne. Då vert det norske samfunnet meir sårbart for kriser. Risikoen stig for deg og meg.
Myndigheitene har ansvaret for sikkerheita til innbyggjarane. Helseutgiftene stig, både grunna auka nivå på helsehjelpa som kan tilbydast, og grunna auka forventningar frå innbyggjarane. Det er ikkje rart at ein snur alle steinar for å freiste å halde utgiftsveksten i sjakk.
Men mange stader har det vore kutta så mykje over så mange år at det går ut over helsetilbodet. Responsen på helseminister Kjerkol si sjukehustale vinteren 2023 var klar: Norsk helsepersonell har fått færre ressursar, men fleire oppgåver.
Diagnosen er klar: Vi har for få folk som skal gjere ein for stor jobb. Resultatet er at få ønsker å jobbe i helsevesenet, og at helsetenestene vert dårligare.
Då er det ikkje rart vi har ei personellkrise. Den gir alvorlege hendingar i eldreomsorga, fastlegekrise, og siste døme: Reduksjon i helsetilbodet i Nord-Norge grunna mangel på fagfolk. Det kan koste oss dyrt ved neste krise.
Å slå ring om det norske helsevesenet er å slå ring om norsk velferd, sikkerheit og beredskap. Det siste valresultatet til regjeringspartia burde vere tilstrekkelig motivasjon til å gripe denne moglegheita med begge henda.
Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen