Debatt

Kva med litt naturleg intelligens, NRK?

Tap av norsk natur er altfor viktig til å bli behandla i form av useriøs kampanjejournalistikk og kartlegging ved hjelp av uintelligent kunstig intelligens.

Bård Tufte Johansen i NRK-serien 'Oppsynsmannen'.
Det er nesten ikkje til å tru at NRK i kampanjeiveren vil legitimere Extinction Rebellion, ved å la reporter Bård Tufte Johansen (biletet) stå fram som medlem og aktivist, skriv Jon Naustdalslid. Biletet er frå ein annan del av serien «Oppsynsmannen».
Publisert Sist oppdatert

NRKs nettsider publiserte nyleg ein dramatisk illustrert dokumentarartikkel om tap av norsk natur, «Norge i rødt, hvitt og grått». Ved hjelp av kunstig intelligens har NRK kartlagt naturinngrep dei siste fem åra fra 2017 til 2022.

Den kunstige intelligensen kjem fram til at det har skjedd «44.000 inngrep – på bare fem år». Og dette er dramatisk, skal vi tru NRK: «I naturen kan én liten kvadratmeter være hjem til titusener av dyr og planter, fra svarttrosten i trekrona til krypene nedi jorda. Til sammen ofrer vi minst 79 sånne kvadratmetere i minuttet, viser kartleggingen».

Det må da bli enormt mykje over tid? Ein treng rett nok ikkje å vere særleg skulert i matematikk for å handtere enkel multiplikasjon, men matematikkprofessor Kristoffer Rypdal har rekna på dette i ein kronikk på nrk.no. Dersom denne naturøydelegginga held fram i 100 år, vil 4.000 kvadratkilometer natur gå tapt. Dette svarar til litt over ein prosent av Norges areal, ifølgje professoren.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lesa vidare.

2 måneder
20 kr

20,-

KJØP

Powered by Labrador CMS