Debatt

Koranbrenning og anna svineri

«Vald lutrar (rensar) sjela,» sa opphavsmannen til fascismen i Italia, Benito Mussolini. Om det var fordi han sjølv vaks opp med ein valdeleg far at han forherlega vald, kan i alle fall vere nærliggjande å tru.

I Noreg har den høgreekstreme kohorten, SIAN, teke i bruk fascistiske metodar i eit forsøk på å avle vald og sosial uro, skriver Jarl Wåge. Her demonstrerer SIAN i Kristiansand i 2019.
I Noreg har den høgreekstreme kohorten, SIAN, teke i bruk fascistiske metodar i eit forsøk på å avle vald og sosial uro, skriver Jarl Wåge. Her demonstrerer SIAN i Kristiansand i 2019.
Publisert Sist oppdatert
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

I tida etter fyrste verdskrigen var det kaotiske tilstandar i Italia. Det inspirerte Mussolini til å byggje seg ein politisk plattform. Grupper med Mussolini-tilhengjarar, uniformerte med svarte skjorter, gjekk ut i gatene, starta slåsskampar og provoserte fram vald. Målet var å skape sosial uro og utryggleik i eit allereie hardt prøva Italia. Dermed ville det italienske folket innsjå at dei trengde ein sterk leiar som kunne skape orden og stabilitet. Etter at Mussolini gjorde statskupp i 1922, blei «Svartskjortene» samla i «Den friviljuge milits for nasjonal tryggleik».

Omtrent samtidig i Tyskland hadde Adolf Hitler byrja å utforme sin politiske ideologi, nazismen, og leggje grunnlaget for si politiske karriere. Situasjonen i Tyskland var på mange måtar lik den i Italia etter fyrste verdskrigen. Mange, mellom andre Hitler, var bitre og skuffa fordi leiarane hadde gått med på våpenkvile den 11. 11. 1918, og i landet herska det politisk og økonomisk kaos.

Hitler-tilhengjarar organiserte seg i valdelege grupper. Dei uniformerte seg med brune skjorter, og som fascistane i Italia, tok «brunskjortene» til gatene og provoserte fram slåsskampar som førte til enda meir sosial uro i ein allereie svært kaotisk situasjon. Brunskjortene blei etter kvart samla i Sturmabteilung, SA. Dei var paramilitære «stormavdelingar» og var med på å hjelpe Hitler til makta som eineveldig og despotisk Führer for Tyskland. Fargen på skjortene til nazistane gjer at høgreekstremistar den dag i dag blir omtalte som «brune».

I Noreg har den høgreekstreme kohorten, SIAN, teke i bruk fascistiske metodar i eit forsøk på å avle vald og sosial uro.

Jarl Wåge

I Noreg har den høgreekstreme kohorten, SIAN, teke i bruk fascistiske metodar i eit forsøk på å avle vald og sosial uro. Deira oppskrift er å stille opp i gater og på torg og spytte på og brenne Koranen. Om dette ikkje provoserer nok og gjev dei tilstrekkeleg merksemd, plasserer dei gjerne eit svinehovud utanfor inngangen til ein moskè.

SIAN klarte i ein periode å få massevis av merksemd. Dei oppnådde akkurat det dei ville: Å provosere. Dei veit at om dei klarer å lokke fram valdelege element og skape bråk, vil media komme stormande og dele ut fyrstesider og innslag i Dagsrevyen. Både antifascistar og fornærma muslimske motdemonstrantar som ikkje liker ytringsfridom, blei nyttige idiotar for SIAN når dei prøvde å forsere politisperringar og hamna i slåsskamp med politiet.

Og SIAN glitra i rolla som stakkars offer som blei forsøkt hindra i å nytte seg av sin demokratiske rett til ytringsfridom. Når SIAN snakkar om demokrati og ytringsfridom, høyrest det forresten like hult ut som om Taliban skulle finne på å snakke om likestilling for kvinner. SIAN gjev beng i ytringsfridom som ikkje gjeld for dei sjølve. Dei er faktisk så udemokratiske og diktatoriske at dei vil forby ein heil religion fordi dei ikkje liker guden som blir tilbeden. Dei har òg som uttalt mål å kaste 250 000 muslimar ut av Noreg. Korleis utreinskinga skal foregå, er noko uklart.

Dessverre for SIAN er Noreg eit stabilt demokrati, og nordmenn sine haldningar til innvandring er stort sett positive. Difor er dei no ein kohort som ikkje klarer å framprovosere så mykje vald som dei ønskjer. I det siste har aksjonane deira rett og slett gjeve dei dårlege dagar på «jobben». Det kan kanskje endre seg?

I påska var det nemleg ikkje bare sprit- og kjøtsugne harryhandlande nordmenn som drog over grensa til Sverige. Det gjorde høgreekstremisten Rasmus Paludan òg. Han er leiar for det vesle, danske, rasistiske partiet «Stram kurs». I likskap med SIAN vil dei forby Islam og kaste muslimar ut av Danmark.

Paludan hadde mange gode dagar på jobben i Sverige, for å seie det sånn. I innvandrartette område i svenske byar klarte han, etter fascistisk mønster, å skape valdelege demonstrasjonar ved å arrangere Koran-brenning og avlevere antimuslimske hatytringar. Muslimar og antifascistar svarte med motdemonstrasjonar som fleire stader utvikla seg til gatekampar.

Svensk politi hevdar likevel at dei som utløyste dei mest alvorlege trefningane, ikkje var motdemonstrantar, men valdelege, kriminelle gjengar. Dei var ikkje ute etter å ta Paludan, men hadde som mål å skade politiet gjennom brutale åtak, brannstifting og veritable gateslag så fryktelege at dei både skremde og opprørte mange svenskar.

Rasmus Paludan ler nok heile vegen heim til Danmark, og høgreekstremistar i Skandinavia frydar seg. I høgreradikale Facebook-grupper går kommentarar ut på at Sverige er øydelagt og at vi no ser kva som skjer når vi slepp muslimar inn i landet. I påska såg vi i alle fall kva som skjer når dei slepp høgreekstremistar inn i landet.

Å møte ekstremisme med ekstremisme og vald er å kaste bensin på bokbål og anna svineri. Det gjev dessutan hatprofetane akkurat det dei ønskjer seg; skjerpa motsetnader og uro. Vi må aldri slutte å ta til motmæle mot dei som vil undergrave demokratiet, uansett kva slags farge dei har på kjortlane eller skjortene sine, men vi må bruke metodar som gjer at dei går ut med tap og ikkje med vinning.

Den vakraste motaksjonen eg har sett, var då ein gjeng russejenter køyrde russebussen inn der SIAN stod og ralla «send dei heim» i Ski sentrum og overdøyvde bodskapen deira med å spele «Barn av regnbuen» på full guffe. Mykje meir effektivt enn knyttnevar, steinar og flammar.

Powered by Labrador CMS