Debatt
Kampen mot akrim må styrkast
Vanskelege tider i byggjenæringa er gode tider for kriminelle.
Byggjenæringa er i ei særstilling. Her er det lett for kriminelle å tene store pengar ved å svindle velferdssamfunnet, kundar og utnytte arbeidstakarar, skriv Lars Mamen. (Illustrasjonsfoto)
Stian Lysberg Solum
Kriminalitet er tal og statistikk, men bak statistikken er det menneske som blir utnytta og kriminelle som blir rike.
Nokre av sakene vi i Fair Play Bygg Oslo og omegn arbeider med er sjokkerande grove: Arbeidsulukker, påføring av gjeld gjennom ID-tjuveri, tvangsarbeid, lønstjuveri, bedrageri av store beløp og saker der kriminelle i arbeidslivet samarbeider med organiserte kriminelle nettverk for kvitvasking av utbytte frå «ordinær» kriminalitet – les narko og prostitusjon.
Det er meir kriminalitet i arbeidslivet (akrim) enn du liker å tenkje på, og det hjelper lite å lukke auga for dette problemet. Byggjenæringa er i ei særstilling. Her er det lett for kriminelle å tene store pengar ved å svindle velferdssamfunnet, kundar og utnytte arbeidstakarar.
2 måneder
20 kr
20,-
KJØP