Debatt

Ikkje ein maskot for mangfald på arbeidsplassen

For å få bukt med mangfaldsfråfallet i arbeidslivet, bør arbeidsgivarar blant anna bli bevisst over eigne ubevisste og internaliserte fordommar.

Kimiya Sajjadi, mangfaldskonsulent og CEO i Big Enough Global (t.v.), Ida Hauge Dignes, spesialrådgivar i Medvind Assistanse og Torstein Lerhol, avdelingsleiar i Medvind Assistanse.
Kimiya Sajjadi, mangfaldskonsulent og CEO i Big Enough Global (t.v.), Ida Hauge Dignes, spesialrådgivar i Medvind Assistanse og Torstein Lerhol, avdelingsleiar i Medvind Assistanse.
Publisert Sist oppdatert
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Betre problemløysing, større fleksibilitet, auka kreativitet og styrking av både kulturverdiar og språk er nokre interne fordelar ved mangfald på arbeidsplassen, ifølgje forsking.

Av eksterne resultat gir mangfald betre omdømme, meir lojale kundar, betre marknadsforståing, rekrutteringsfordelar og moglegheitsskapande produktutvikling. Dette er eit uutnytta potensial i norsk arbeids- og næringsliv.

Kimiya Sajjadi, mangfaldskonsulent og CEO i Big Enough Global.
Kimiya Sajjadi, mangfaldskonsulent og CEO i Big Enough Global.

I dag ser vi eit stort behov for arbeidskraft innan fleire bransjar. Talet på ledige jobbar er rekordhøgt. Likevel står 660.000 personar utanfor arbeidslivet, mange av dei ufrivillig. Det er fleire grunnar til å tilsette meir mangfald. Likevel sviktar vi som samfunn ved fleire ledd.

For å få bukt med mangfaldsfråfallet i arbeidslivet, bør arbeidsgivarar blant anna bli bevisst over eigne ubevisste og internaliserte fordommar. Vidare er det avgjerande å tilsette med mangfald for auget. Men korleis gjer ein det, og kva skal til for at mangfaldet kan bidra til verdiskaping?

Ida Hauge Dignes, spesialrådgivar i Medvind Assistanse.
Ida Hauge Dignes, spesialrådgivar i Medvind Assistanse.
Torstein Lerhol, avdelingsleiar i Medvind Assistanse.
Torstein Lerhol, avdelingsleiar i Medvind Assistanse.

Eit første steg for arbeidsgivarar er å ha dei riktige intensjonane på plass. Nokre verksemder tilset arbeidstakarar med minoritetsmarkørar for å få mangfaldsstempelet i boks. Andre gjer det som eit velgjerdsprosjekt.

Ein slik intensjon gagnar verken arbeidsgivar eller arbeidstakar. Ingen ønsker bli tilsett som ein maskot for mangfald. Premissen for tilsettinga må vere rett. Du ønsker bli tilsett for kompetansen din og det du kan bidra med.

Dei gongane arbeidsgivar ikkje ser potensialet i arbeidstakarar med minoritetsmarkørar, går arbeidsgivar glipp av verdiskapinga som kjem av mangfald. For at mangfald skal kunne bidra til verdiskapinga, må det bli anerkjend som ein ressurs.

Difor må ein verdsette det arbeidstakarar med minoritetsmarkørar kan bidra med, både av formell kompetanse og livserfaring.

Vellukka mangfaldspraksis på arbeidsplassen er fundert i ei enkel tese – folk er folk. Om du som arbeidsgivar behandlar søkjarar og medarbeidarar med likeverd, er du på god veg til å oppnå likestilling. Så lett, og så vanskeleg.

Det handlar om å sjå kva folk kan bidra med, uavhengig av minoritetsmarkørar. Det handlar om makt, lønn, like moglegheiter, og at alle tilsette får brukt kompetansen sin. Men, det er òg viktig å hugse på individuell tilrettelegging. Her kan Nav vere til god hjelp.

For å lukkast med inkludering, må det skje ei haldningsendring hos fleire norske arbeidsgivarar.

Hól i CV-en, funksjonsnedsetting, annleis hudfarge eller utanlandsk namn kan ikkje lenger vere barrierar som hindrar arbeidsgivarar frå å tilsette dyktige menneske.

Men arbeidsgivarane sitt ikkje åleine på ansvaret. For å styrke mangfaldet i arbeidslivet, meiner vi det òg er viktig å styrke utdanningsinstitusjonane og arbeidssøkjarane. Gjennom heile utdanningsløpet, kan vi styrke verdien av mangfald. Utanforskap frå barnsbein av kan skape langtidsverknader, som kan ha negative konsekvensar for arbeidsdeltakinga.

Rasisme er framleis eit stort problem i Noreg. Faktisk opplever kvar tredje tenåring med fleirkulturell bakgrunn rasisme – mykje av det på skulen. Lærarar treng verktøy for å handtere rasisme når det skjer, og kunne undervise om kvardagsrasismen – den som råkar norsk ungdom kvar dag.

Skeive barn og unge har òg ofte eit tøft møte med skulen.

Heile 64 prosent funksjonshemma fullfører ikkje vidaregåande, samanlikna med 17 prosent av befolkninga elles. Dette handlar i stor grad om manglande universell utforming og manglande vedtak om brukarstyrt personleg assistanse (BPA).

Arbeidssøkjarar med minoritetsmarkørar må vere uredde, ikkje bry seg om jantelova og tore by på seg sjølv. Sjølv om det er eit slag i magen kvar gong avslaget kjem, er verksemder fullstendig avhengige av folk som oss.

Vi har ei anna livserfaring enn mange andre. Desse erfaringane og perspektiva trengst òg på norske arbeidsplassar. Først og fremst fordi dei er verdifulle for arbeidsplassen. Viss ikkje vi har trua på oss sjølve – korleis kan vi forvente at andre har det?

Vi har alle eit ansvar for å bidra til eit meir mangfaldig og inkluderande arbeidsliv. La oss skape denne endringa saman!

Powered by Labrador CMS