Debatt

Frivilligheit og demokrati som hand i hanske

2022 er frivilligheita sitt år. KrF vil både framsnakke og heidre alle som kvar einaste dag gjer ein frivillig innsats i vår kommune.

Gjennom dei to siste åra har vi på ein sterkare måte sett korkeis det frivillige organisasjonslivet bidreg positivt inn i folk sine liv. No treng vi å styrke og prioritere det, skriv kronikkforfattaren.
Gjennom dei to siste åra har vi på ein sterkare måte sett korkeis det frivillige organisasjonslivet bidreg positivt inn i folk sine liv. No treng vi å styrke og prioritere det, skriv kronikkforfattaren.
Publisert Sist oppdatert
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Samtidig vil vi understreke kor viktig dette arbeidet er også i det å forstå og bli opplærd i demokratiutvikling.

Stavanger kommune har ein lang tradisjon for organisasjonsarbeid. Mange organisasjonar har vorte starta her av innbyggarar som har sett behov for å løyse oppgåver i fellesskap, kjempe for interesser og bidra til positive aktivitetar for alle aldersgrupper. Her kan ein nemne eldre organisasjonar som Turistforeininga og Røde Kors og yngre som Kirkens bymisjon og Skateklubben.

Gjennom dei to siste åra har vi på ein sterkare måte sett korkeis det frivillige organisasjonslivet bidreg positivt inn i folk sine liv. No treng vi å styrke og prioritere det.

Stavanger kommunestyre har vedteke ein heilheitleg frivilligheitsplan som viser at vi som kommune satse på det viktige arbeidet som frivilligheita driv, og vi har også ein eigen frivilligheitskoordinator. I tillegg har vi sju frivilligheitssentralar, ein i kvar kommunedel.

I 2014 feira vi Grunnloven sitt 200-årsjubileum. Vi lever i ein lang demokratisk tradisjon. I dag vi treng å styrke demokratiet, ikkje berre i Noreg, men i heile verda. Frivilligheit er demokratibygging, og gjennom sitt arbeid vil deltaking i det frivillige spele ei viktig rolle i den nordiske demokratiske modellen. Dei er pådrivarar for politisk og sosial utvikling. Eit levande demokrati treng impulsar frå innbyggarane, og frivillig engasjement danne kanalar inn i demokratiet og offentlegheita for både interessegrupper og engasjerte innbyggarar. Organi­sa­sjon­ane legg på denne måten til rette for opinionsdannelse og demokratiforståing blant sine aktive, og er «skular i demokrati» gjennom styrearbeid, allmøter og årsmøter.

For mange av oss har det å vere med i ein frivillig organisasjon vore ei opplæring i å forstå korleis ein kan jobbe i demokratiske prosessar. Frivilligheita sin plass mellom individet og det offentlege/markedet, gjer at organisasjonar ofte er talerør for grupper eller individ som ikkje kan tale si eiga sak. Slik er Frelsesarmeen eit godt eksempel.

Utan frivillige organisasjonar auke risikoen for feil og overgrep, enten frå stat, kommune eller marked. Slik er frivilligheita også ein sikkerheit for borgerrettigheiter, ein garanti for eit kritisk element i sivilsamfunnet. Nokre fleire flyktningar og papirløse har fått erfare dette gjennom mellom anna arbeidet til RIA (Rettferdighet i Asyl­politikken).

Frivilligheita har også mange funksjonar internasjonalt. Styrking av det internasjonale perspektivet i frivilligheita er å styrke det internasjonale engasjementet i samfunnet. Røde Kors er et godt eksempel på dette. Dei har eit lokalt, sentralt og internasjonalt engasjement. Verdiane som kjem til uttrykk gjennom det frivillige engasjementet i Noreg er del av ein internasjonal demokratisk arv. Deltaking i frivillige organisasjonar er også kompetansebyggande for deltakaren. Dei frivillige organisasjonane representere usedvanleg kompetanse og er sentrale kompetansesentra innanfor sitt felt og deltaking i internasjonale nettverk, med kompetanse og rolla som samfunnsbyggar og demokratisk læringsarena

Utan frivillige organisasjonar auke risikoen for feil og overgrep, enten frå stat, kommune eller marked.

-

Kommunen samhandler i dag med ei rekke ideelle organisasjonar. Dette er for å involvere breidare og for å inkludere frivillig sektor sin kompetanse som eit godt og viktig supplement til eigen kommunal verksemd.

Offentlege oppgåver blir utført etter at samarbeidsavtalar er inngått og samfunnsnyttig verksemd blir stimulert med offentleg støtte. Verdifulle tenester blir levert til innbyggarane våre, innbyggarane blir engasjert til å ta samfunnsansvar, og organisasjonslivet er med på å utvikle demokratiutøvinga.

«Vi bygger fellesskap» er slagordet for Stavanger kommune. Det offentlege kan ikkje og skal ikkje erstatte organisasjonslivet, men det offentlege skal saman med organisasjonane vidareutvikle kommuna på ein bærekraftig måte. I åra framover vil organisasjonar bli utfordra til meir samhandling og samskaping. I frivilligheita sitt år, som vi er inne i, ser eg og KrF potensiale for å få til endå meir saman.

Dette utfordre til nytenkning og inno­vasjon.


Powered by Labrador CMS