Debatt
Finnøy, Rennesøy og Stavanger – går det bra?
KRONIKK: Dei økonomiske utfordringane i skulen er ei av overraskingane i kommunesamanslåinga.

Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
Av: Jostein Eiane. Stavanger KrF, medlem Rennesøy kommunedelsutval, vara til kommunestyret.
Mykje går bra, men nokre problemstillingar var det ikkje arbeidd nok med eller ein ser at det nye kommunestyret har tatt omkamp eller styrer i feil retning. Når ein stor og to mindre kommunar slår seg saman er det ein risiko at det vert teke for lett på prosessen. I Nye Stavanger har det ikkje skjedd. Innbyggarane har blitt lytta til, kommunestyra fekk utgreiningar og hadde mange saker, og administrasjonane gjekk djupt inn i problemstillingane. Fellesnemnda brukte tid på å gjere eit grundig arbeid og gjorde gode vedtak gjennom intensjonsavtalen. Dette har vore sterkt medverkande til at det har gått seg til, som me seier.
Men det må også seiast at det har kome nokre overraskingar. Ei av dei er den utfordrande økonomiske situasjonen for skulane. Dette vart det ikkje arbeidt godt nok med. Ein skulle tru det var god kunnskap og kontroll på ei av dei viktigaste oppgåvene for kommunen. Utfordringa er at Stavanger har ein nøkkel med kriterier som viser kor mykje av totalen den einskilde skule får. Når denne no vert brukt i heile den nye kommunen, vert det synleg at her må noko endrast. Nøkkelen er ikkje tilpassa skular med relativt få elevar som til dømes Finnøy sentralskule, og den legg press på skular med både nynorsk- og bokmålsklassar som er dyrare å drive enn skular som ikkje har denne delinga. Vi har ikkje nok med overgangsordningar, og permanente endringar må på plass.
Nærdemokrati og kommunedelsutvala si rolle var viktig ved etablering av ny kommune. Utgangspunktet var intensjonsavtalen som seier at nærdemokratiet skal styrkjast ved å flytte makt og mynde til kommunedelsutvala. I prosessen vart dei gjevne meir økonomisk ansvar og innstillingsrett i saker dei tidlegare bydelsutvala i Stavanger ikkje har hatt. Begge desse ekstraoppgåvene har blitt utfordra av det nye fleirtalet. For det fyrste ved at innstillingretten skal evaluerast etter eitt år, og ikkje etter ein fire år som er ei kommunestyreperiode slik det orginale forslaget var . Det er klart på førehand at antal saker vil vere for lågt til å gjere eit fornuftig evalueringsarbeid så kjapt. Den andre omkampen kom ved at MDG på vegne av fleirtalet foreslo at hovudutvala skulle blande seg opp i korleis dei økonomiske tildelingane til kommunedelen skulle brukast.
På same tid er det er positivt at hovudutvala i mange saker har tatt ei ekstra lokal høyring før endeleg avgjerd. Dette vert lagt merke til som ein god start.
Tilgangen til historiske saker i Finnøy og Rennesøy er ikkje like lett for innbyggarane på same måte som gamle Stavanger sine saker. Det er kome ei link på nettsida, men det er framleis eit godt stykke fram til enkel tilgang til arkivet. Ein må be om innsyn for å få ut saker før 2015 i Rennesøy. I Finnøy er saker publisert frå 2013. Det kan sjå ut som Heimdrag, den gamle lokalavisa for Rennesøy 1980-1997, vert digital og lett tilgjengeleg før kommunen sine eigne saker. Dette er ikkje på plass før historiske saker tilbake i tid kan søkjast i som t.d. Aftenbladet sitt arkiv.
Noko som ser ut til å fungere bra er utviklinga av kollektivtilbodet og arbeidet med trafikksikring. Hjem-Jobb-Hjem-ordninga vert utvida til Finnøy og Rennesøy og ein får hyppigare avgangar med buss. Dette er meir trass i fleirtalet sitt engasjement enn på grunn av. KrF har vore klare på at det ikkje er avgjerande om ein bur innafor storbyområdet for å ta del i ordninga, men at det er med på å få ned trafikken. Også når det gjeld gang- og sykkelvegar Rennesøy og Finnøy hadde vi ein plan som vert vidareført og realisert i den nye kommunen. Det er ikkje nytt, men vi må minnast om at ting tar tid, men det gjorde det også før.
Det som derimot ikkje ser bra ut i den nye kommunen er kyrkja sin plass. Fleirtalet har kutta meir enn heile Rennesøy kyrkjelege fellesråd sitt budsjett, så seier dei at det skal kuttast meir med bakgrunn i kommunesamanslåinga. I tillegg kutta dei raud-grøne i investeringsbudsjettet knytta til ny kyrkjesal ved Hafrsfjordsenteret og kyrkje- og livssynssenter ved Hausken på Rennesøy. Ved Hafrsfjordsenteret er det brukt fleire millionar på å planlegge, og det var tilsett prosjektleiar med ansvar for realisering. At dette nå er kutta og sett på vent er meir enn trist, og KrF vil vere tydelege på at dette vert retta på så snart KrF vert med i eit fleirtalsbudsjett.