Debatt

Eit ja frå Stortinget kan vere i strid med lova

Det verkar usannsynleg at Stortinget snur i saka om mineralutvinning på havbotnen. Det er nettopp dét ei forsvarleg og tillitsvekkande tilnærming til ressursforvalting krev.

Illustrasjon lov og rett
Kunnskapsgrunnlaget for eit vedtak om mineralutvinning på havbotnen er så dårleg at det i alle fall nærmar seg den nedre grensa i lova, skriv Knut Knapskog.
Publisert Sist oppdatert

Tidleg i desember blei regjeringspartia einige med Høgre og Framstegspartiet om å opne store delar av den norske kontinentalsokkelen for mineralutvinning.

Eit slikt vedtak kan vere i strid med lova, vil heilt sikkert vere i strid med forsvarleg ressursforvalting og kan vere skadeleg for tilliten til politikken.

Bakgrunnen er at kunnskapsgrunnlaget er så dårleg at det i alle fall nærmar seg den nedre grensa i lova. Rett nok understrekar statsråden i meldinga til Stortinget at utviklinga skal gå føre seg «stegvis», og det stemmer: Opning av eit område er steg éin, deretter kjem utforsking, utvinning og til slutt produksjon – slik er systemet etter lova.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lesa vidare.

2 måneder
20 kr

20,-

KJØP

Powered by Labrador CMS