Debatt
Dei unge treng ein Høybråten
Dagfinn Høybråten tok affære i 2004 og kom med den nye røykeloven. I 2024 er nikotin bytt ut med skjerm. Eg ynskjer meg ein skjermlov.
Dei unge føler at dei må ha skjermens fellesskap for å ha det bra, sjølv om det ikkje er bra for dei. Akkurat som i 90-tallets røykeskur, skriv Marie Midtsund.
JackF
I 1995 var det lett å begynne å røyke. Eg var 14 år og visste det var usunt, men dei kulaste folka var dei som hang i røykeskuret og dampa i veg. Lite kunne overgå eit slikt fellesskap. Så tok Dagfinn Høybråten (KrF) affære og kom i 2004 med det som vart oppfatta som eit radikalt og moraliserande lovforslag: Den nye røykeloven.
Snart 30 år etter er det skjermfellesskapen dei unge trekkast mot. Eg ynskjer meg ein lov for skjermregulering og telefonfri. Vi kan byrje med dei yngste av oss, der skaden kanskje blir størst.
Som psykolog veit eg at folk kan bli tiltakslause når det som er farleg er usynleg. I staden for å endre åtferd endrar folk på tankane sine. Røyka ein i 1995, kunne ein tenke annleis framfor å slutte. Samanhengen mellom «eg røyker» og «røyk drep» kunne bli forvandla til livsløgna «eg treng røyken», «eg kan slutte i morgon» eller «eg er så ung». Slik kunne ein ta seg nok eit letta innpust med nikotin.
2 måneder
20 kr
20,-
KJØP