Bøker
Bokanmeldelse Tore Renbergs «Lorden»: Psykologisk thriller
Tore Renberg held fram undersøkinga si av menneskas råskap i «Lorden»: Ei fascinerande forteljing om bygdedyr og misunning, fantasi og skapetrong – og om alt slikt som blir halde hemmeleg.
Med «Lorden» har Tore Renberg skrive ei fascinerande forteljing med eit brotsverk i sentrum.
Signe Christine Urdal / Oktober forlag
Mykje kan seiast om forfattaren Tore Renberg. Men ikkje at han er lett å setje i bås. Eller at han er typen som kviler på laurbær.
Siste året har han hatt stor suksess med den historiske romanen «Lungeflyteprøven», om eit mogleg drap i Tyskland på 1700-talet. Før det overraska han med «Tollak til Ingeborg», om ein gretten gammal gubbe med noko å tilstå. Han har undersøkt psykisk sjukdom i «Du er så lys», skildra livet på skuggesida i Teksas-serien, og delt typiske generasjonserfaringar i Jarle Klepp-serien.
Bøkene er korte og konsise, eller lange og barokke. På nynorsk eller bokmål, frittståande eller i serie, den eine etter den andre.
2 måneder
20 kr
20,-
KJØP