Bøker

Anmeldelse Gunnhild Øyehaug «Her kjem sola». Tre ord: Gøy, gøy, gøy!

Det stråler varmt av Gunnhild Øyehaug sin herleg smarte og særs festlege litteraturleik.

Gunnhild Øyehaug sjarmerer maks med den leikne romanen «Her kjem sola».
Gunnhild Øyehaug sjarmerer maks med den leikne romanen «Her kjem sola».
Publisert Sist oppdatert

Ei skilt, 49 år gammal kvinne forelskar seg i den nyinnflytta naboen. Han er forfattar, som ho, men dessverre gift. Så fell kvinna gjennom murgolvet til ein annan dimensjon, og skriv eit essay om meta-replikkar hos Shakespeare. The end.

Om lag slik kan ein oppsummere handlinga i Gunnhild Øyehaug si særs morosame nye roman, «Her kjem sola».

Det lyder ikkje så morosamt, innvender du? Forståeleg. Der er inga vitsebok, dette. Ikkje eigentleg samfunnssatire heller. Men eg humra og lo likevel, av Øyehaug sin herlege leik med oppdikta og verkeleg (og «verkeleg»). Av måten ho vender seg til lesaren, og stolar på at denne faktisk kan lese. Og tenke!

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lesa vidare.

2 måneder
20 kr

20,-

KJØP

Powered by Labrador CMS